Her er mine ønsker for jula 2014. Sjølv er eg nesten ferdig med julepresangane eg skal gi til jul. Og så er det berre å håpe på at eg får fri på julafta og kan reise til pappa å feire jul der.

- Annlaug B




For akkurat ein månad sidan stod eg og mi kjære besteveninne, Trude, i Telenor Arena!



Det heile starta med at me køyrde frå Sogndal til Oslo tidleg søndag morgon. Me sjekka inn på hotellet rett ved Telenor Arena, slappa litt av og så tok me bussen inn til by'n der me møtte eit par venner. Me hadde ein kjempe kjekk kveld der me fekk bli kjent med kvarandre sine venner. Eg fekk møte Ida, og Trude fekk møte Namitha og Julia. God mat og drikke enda med at me måtte gå fra Friday's fordi dei skulle stenge. Me skildes og eg og Trude bussa tilbake til hotellet for å lade batteria.

Mandagen vakna me og var sjukt gira. På å tilbringe dagen ilag, på å shoppe, på god mat og drikke, og ikkje minst konserten. Me fekk ein liten, men god frukost. Eg som fortsatt ikkje var heilt frisk frå virus- og bakteriekrigen som hadde herja i kroppen tok til takke med ein kopp te og mykje agurk og vannmelon. Me bussa inn til by'n, klare for å ta Karl Johan med storm. Etter ein lang dag med ekstremt mykje morro, fekk me ræva vår tilbake til hotellet for full oppgiring til resten av kvelden.



Eg har ikkje ord for kor lukkeleg eg var under konserten. Eg følte virkelig at eg levde. For ein opplevelse! For ein konsert! For eit show! FOR EI DAME! Eg levde på ei rosa sky heile kvelden, og hadde store problem med å sove. Trude fekk til og med ein liten filmsnutt der eg er heilt i ørska og seier "I have GaGa on my mind!". Den har me verkeleg hatt mykje morro med i ettertid.

Tirsdag var det tid for heimreise, men først måtte me ha frukost på Subway og litt meir shopping. Eg klarte endeleg å bestemme meg for kva for eit Pennyboard eg ville ha, og reiste heim som lukkeleg eigar av eit nytt Pennyboard. Resten av dagen bestod av høg musikk, to sangstemmer som var heilt øydelagde, og ein lang biltur tilbake til Sogndal.

Eg kan verkeleg sette denne turen inn på lista over dei beste turane eg har opplevd, og mandagen var den BESTE DAGEN i mitt liv!

Tusen takk, kjære Trudelutt <3 ILU!

 




Har du nokon gong grine deg sjølv i søvn? Noko av det verste eg veit er å gjere akkurat det. Når du legg deg for å sove, men berre ligg og vrir deg, du finn ikkje ein grei liggjestilling, det er for varm eller kald, eller håret ligg i vegen. Det er i desse stundene at tankane byrjar å vandre, og sjølv om eg har hatt ein veldig bra dag, så er det akkurat som om nokon tykkjer på ein knapp. Saknet kjem. Du tenkjer på alle dei fantastiske stundene, men så tar dei verste minna over. Telefonsamtalen frå far din den morgonen du skulle setje deg på bussen til Oslo for å besøke han fordi du plutseleg fekk nokre fridagar sidan du ikkje kom opp i eksamen. Kor vondt det gjorde då du blei fortalt at du ikkje kunne reise heim etter besøket for å gjennomføre dei siste skuledagane før ferien fordi du skulle i gravferd. Kor vondt det gjorde då far din fortalde at det var oldemora di som var reist frå oss. Kor lyst du hadde til å leggje på, og skrike det høgste du berre klarte samstundes som du hadde lyst å kaste noko hard i veggen. Kor vondt, men samstundes godt, det var då stefar din kom inn og berre heldt rundt deg, fordi det var det einaste han kunne gjere. Du tenkjer på korleis det var å ligge i senga heile dagen og føle at heile verda hadde stoppa opp. Og korleis det var då du dagen etter faktisk tok bussen til Oslo vart møtt av far din og stemora di i det du går ut av bussen. Korleis smertene trenger seg på i det dei går deg i møte og berre står der og held rundt deg.

 

Det verste er at det ikkje er minna etter korleis du hadde det i desse situasjonane som er verst. Det verste kjem èi veke seinare når du og heile familien, slekt og nære vener av familien sit samla i ei lita kyrkje. Når presten snakkar om livet til di kjære Oldemor, og då nemner den fyrste gongen ho vart Oldemor, altså den dagen du sjølv vart føydd. Men igjen så er ikkje dette det verste, heller. For det verste og vondaste er når kista er boren ut i bilen, og alle dei næraste har lagt kvar si raude rose på kista. Det er i det bilen køyrer avgarde at det går opp for deg at den personen du såg mest opp til faktisk ikkje er her meir. Den personen som alltid fekk deg til å smile. Den personen som aldri meinte noko vondt, men ynskja alle alt godt. Den personen som tok opp ein stor del av hjarta ditt, men som tok med seg den delen då ho forlet denne verda. Det er dette som er det verste!

I dag er det 1150 dagar sidan pappa ringde, og eg vart liggjande i senga heile dagen. 1150 dagar sidan det vart eit hol i hjarta mitt. 1150 dagar sidan eg fekk kjenne på korleis det er å få vite at du ikkje får sjå igjen ein person som du elska så høgt. Sjølv om eg ikkje ser Oldemor igjen i dette livet her, så veit eg at me treffast igjen ein vakker dag.


<3




For nokre dagar sidan fekk eg plutseleg ein telefon frå tante som lurte på om eg hadde lyst til å vere med til Praha. Det første eg gjorde var å ringe sjefen å passe på at eg hadde fri. Tante bestillte flybillett og leilighet er fiksa så no er det berre å spare litt pengar og gjere seg reiseklar. 13. april skal eg ta fly ilag med tante, onkel, Thea, Magnus, farfar og farmor. Eg gledar meg veldig mykje til å oppleve ein heilt ny kultur, shopping, oppleve ein ny by, reise på tur med folk eg set veldig stor pris på, slappe av og ete god mat.

-Annlaug :)




Den siste tida har eg hatt mange tankar som har svirra rundt i hovudet. Ein av dei tankane er om eg skal fortsette å bu heime ei stund til, eller om eg skal finne noko som er berre mitt. Hovudgrunnen til at eg valde å fortsette med å bu heime i etter at eg slutta på VGS og skulle begynne på høgskulen var økonomi. Ved å bu heime kunne eg spare pengar, men om eg flytta ut måtte eg ta opp studielån. Dette gjekk veldig bra den første tida, men etter at eg vart betre kjent med jentene som no er blitt nokon av mine beste vener, så har eg hatt meir og meir lyst på noko for meg sjølv. Det å kunne vere vaksen og styre alt sjølv, men også det ha ein stad å ta med venene mine, utan at syskena mine skal vere med på alt. Og ikkje minst bestemme sjølv kva ein skal ha til middag (ja, mamma, av og til har eg lyst på Tikka Masala istadenfor kjøttdeig og spagetti).

Desse tankane har ført til at eg dei siste dagane og vekene har brukt litt tid på å kike rundt på verdsveven for å få inspirasjon. Det er mykje rart, sært, spesielt, søtt og fint ein finn når ein gjer slik, og nedanfor kan du sjå noko av det eg ynskjer meg når eg i framtida flyttar for meg sjølv. Når eg flyttar, og kvar eg endar opp er heilt uvisst, men det er noko eg gledar meg til!

 



-Annlaug :)




Lea Michele har verkeleg sett igang noko stort det siste året! Det faktum at ho om 20 dagar slepp si alle første plate "Louder" er berre heilt fantastisk. Ho har allereie sluppe fire singlar, og seinast i går publiserte ho endå ei ny sang på soundcloud. Lea er ein av to artistar eg verkeleg ser opp til, og eg gledar meg enormt til tida framover!

Nyt musikkvideoen til "Cannonball" som var den første singelen ho nokon gong har sluppe, og som ikkje har noko relasjonar til Glee!

-Annlaug :)




1. What is your best friends name? Silje, Lena, Trude og Trude <3
2. What color underwear/boxers wearing now? Blue and red
3. What are you listening to right now? Lea Michele - Battlefield <3
4. Whats your favorite number? 3
5. What was the last thing you ate? granola
6. If you were a crayon what color would you be? Blue
7. How is the weather right now? Very cold
8. Who was the last person you talked to on the phone? Marie, a friend in my class
9. The first thing you notice about the opposite sex? Eyes
10. Do you have a significant other? maybe
11. Favorite TV show? Too many. Glee, Once Upon a Time, Grey's Anatomy, Desperate Housewives, The Carrie Diaries, Criminal Minds and I just started to watch Dexter and I really enjoy it
12. Siblings? Two younger brothers
13. Height? 162
14. Hair color? Red
15. Eye Color? Blue
16. Do you wear contacts? Yes
17. Favorite Holiday? Christmas
18. Month? July and December
19. Have you ever cried for no reason? Yes
20. What was the last movie you watched? New Years Eve
21. Favorite Day of the Year? Christmas-day
22. Are you too shy to ask someone out? Yes
23. Can you do a headstand (not using the wall)? Used to, but I'm too afraid to do it now..
24. Hugs or Kisses? Hugs
25. Chocolate or Vanilla? Chocolate
26. Do you want your friends to respond to this? their choice
27. Who is most likely to respond to a text from you? Silje
28. Who is least likely to respond to a text from you? one of my teachers
29. What books are you reading? Right now I'm reading The Land of Stories: The wishing spell by Chris Colfer
30. Piercings? just earrings
31. Favorite movies? Matilda, The Secret Life of Bees, Pitch Perfect
32. Favorite football Team? Manchester United and Sogndal Dame2
33. What are you doing right now? Just came home from work and I am about to do some filofaxing
34. Butter, Plain or Salted popcorn? Plain
37. Dogs or cats? Both
38. Favorite flower? Rose or Orchids
39. Been caught doing something you weren't supposed to do? Yeah, several times
40. Do you have a best friend of the opposite sex? nope
41. Have you ever loved someone? Yes
42. Who would you like to see right now? My great grandmother and grandfather who went to heaven a few years ago
43. Are you still friends with people from kindergarten? Yes, I am
44. Have you ever fired a gun? Not a real one
45. Do you like to travel by plane? Yes
46. Right-handed or Left-handed? Right-handed
47. How many pillows do you sleep with? Usually one but two at the time because of my cold
48. Are you missing someone? Yes, too much
49. Do you have a tattoo? No, but I would like a cute little cupcake-tatto or something like that
50. Anybody on Tumblr that you'd go on a date with? not sure



Har eg fortalt kor fantastike vener eg har fått etter at eg byrja på høgskulen? Det har eg nok....eller kanskje ikkje? men vertfall, eg har fått heilt fantastiske vener etter at eg byrja på høgskulen, men eg føler at eg har kjent dei i mange år. Eg har det heilt fantastisk når me er saman! Me eg like galne alle saman, men eg elskar dei fordiom.

For å få litt kvalitetstid saman før alle reiste heim på juleferie så inviterte eg dei heim til meg på pepperkakebaking. Me gjorde ikkje noko meir enn å bake pepperkake, høyre på julemusikk, prate og drikke julebrus før me pynta pepperkakene. Eg hadde det veldig kjekt, og trur nok dei hadde det også. No har me skilt lag og ser ikkje kvarandre før til neste år, noko som nesten er litt trist. Den gode og harde klemmen siste skuledag gjorde at eg nesten fekk ei tåre i augekroken. Eg saknar dei allereie veldig! (<3)


Lena, Trude & Silje <3 (+ minste brodern som absolutt måtte vere med) - fine kunstverka til Silje!

Stay tuned!

-Annlaug :)




Hola! No er eg endeleg ferdig med 4 veker barnehagepraksis i Florø. Eg har storkosa meg i barnehagen og med dei to supre jentene eg budde saman med. Bortsett frå at eg saknar barna i barnehagen og å bu saman med Hanna og Sølvi, så er det ikkje noko eg saknar med å vere i Florø!

Elles har eg endeleg fått juleferie, eller eg har litt arbeid som skal leverast på tysdag og torsdag så eg må jobbe ein del med. Denne veka hadde me praksisoppsummering tysdag og onsdag, så etter skule på onsdag reiste eg til Askøy på ein kort visitt til tante, onkel og Olander. Torsdag reiste eg vidare til Stord der eg var barnevakt både torsdag og i går. No er eg komen til Odda og skal nyte nokre dagar saman med pappa og R før eg eg reiser heim att til Sogndal på onsdag. Frå onsdag av skal eg jobbe kvar dag til og med veslejulafta. Blir nok nokre late kveldar etter jobb for å få med meg nokre julefilmar i år også.

Over og ut for denne gang!

-Annlaug :)




I dag har eg ikkje gjort så mykje meir enn å lese pensum og slappe av. Tidlegare i kveld reiste eg på kamp med Ingvild, Trude og Anette. Sogndal tapte dessverre mot Vålrenga. Etter kampen køyrde me til Haukåsen for å hente Silje og Eira som kom tilbake etter å ha vore heime i helga. Det var utruleg godt å sjå Silje igjen, for eg har verkeleg sakna ho.

I morgon er det tilbake på skulebenken, og denne veka skal me jobbe med pedagogikk. Elles blir det ein del jobbing både denne veka og neste, i og med at eg reiser til Florø om tre veker for å ha fire veker praksis.

Eg er veldig nøgd med valet av utdanning, og veldig glad for å ha kome i ein klasse med så mange fine folk. Ser veldig fram til tre år ilag med desse her!


-AnnlaugB




...fire, fem og seks indianarar. Sju og åtte og ni indianarar, ti indianarar små.... Slik har me gått rundt heile helga. Livet på barnehagelærarutdanninga <3

Eg har hatt ei veldig kjekk helg med fine klassevenner. Me starta BLU-galskapen kokka 9 på Røvhaugane der me hadde undervisning i båre naturfag og fysisk fostring. Me leika og hadde det kjememoro heile dagen. Eg vart overtala til å vere med på konsert med Lars Vaular seinare på kvelden, men før dette måtte eg ein tur heim og dusje før eg hadde eit par timar på jobb. Kvelden starta med vors hjå Eldrid med ein liten gjeng før me reiste ned på Meieriet og var klare for litt høg musikk. Konserten var bra, men sat igjen med ei kjensle av at den var veldig kort. Må poengtere at eg ikkje er Vaular-fan!

Medan resten av gjengen gjekk på puben, var eg og Eldrid att på Meieriet ei stund før me reiste heim att til ho og avslutta kvelden med pizza og nyaste episoden av Grey's Anatomy. Då pizzaen var oppeten og episoden var ferdig var klokka alt for mykje, og eg var alt for trøytt. Eldrid gjekk og la seg, medan eg gjekk den 10 meter lange vegen bort til hybelen til Lena og kraup godt inn i soveposen.

I dagtidleg vakna me i halv tolv tida, og me vart liggjande å prate og sjekke livet på kvar vår iPhone før Eldrid stod på døra eit par timar seinare. Me enda opp med å ete frukost på cafè med Trude (Koseklumpen) før me hadde oss ein liten runde på senteret. Me slo ihjel ein time på null og niks før me møtte skulle på kino for å sjå FLY med Tr(rrrrr)ude, Hanne Martine og Anette. Fy for ein film! Disneyfilmar skuffar aldri, og det gjorde heller ikkje denne. Filmen minna meg veldig om BILER, samstundes som dei var forskjellige. Èin ting er vertfall sikkert, og det er det at eg skal sjå den fleire gongar. (Eg er klar, Silje!)

-AnnlaugB



Det kjipe med å berynne på høgskule, er at dei fleste reiser vekk for å studere eller gjere andre ting. Spesielt kjipt er det når dine næraste venner reiser vekk. Julia har flytta til Tønsberg og Vilde har teke den lange reisa over dammen, rettare sagt England.

Dei siste vekene Vilde var heime i Noreg, gjorde me det me kunne for å vere mest mogleg saman og berre kose oss. Me hadde sleepover, me var på kamp på Fosshaugane, me var på kino og såg 1D, me var på Dr.Hagen og åt kjempegod middag og dessert, og hadde det veldig kjekt saman. Dagen før Vilde skulle sette seg på nattbussen til Oslo, åt me lunsj på Cafè Prego før me reise ned på kaien og hadde ein liten fotoseanse. Eg køyrde Vilde heim att og ho fekk bursdagspresang, og tida for å skiljast var komen. Det heile vart avslutta med ein god klem, som gjerne kunne vart i endå lenger, og "me snakkast i desember"

Dette er no 12 dagar sidan, og nedteljinga til deesmber og at Vilde kjem heim att er allerede igang.

Veldig glad i deg, kjære! Me snakkast snart igjen! :*

-Annlaug




Sidan sist har eg jobba i ca tre veker, før eg forrige onsdag fekk ferie igjen. I mellomtida har eg også fått med meg ein helgetur til Husnes med pappa og R for litt segling. Det heile starta med at eg reiste til Husnes etter jobb ein fredagettermiddag, og turen tek ca 4 timar utan luftestopp. Den første natta var me på Husnes, så laurdagen starta med frukost på dekk før me sette segl mot Halsnøy. Me hadde knall vêr helile vegen. Store delar av turen låg eg framme i baugen og høyrde på musikk (det er det beste eg veit med livet på seglebåt). Vel framme på Halsnøy reiste me på besøk til tante E og onkel M + søskenbarna, der me fekk servert god grillmat. Der var me heilt til det var blitt for kaldt for shorts og singlett. Etter at me hadde gått ein liten tur rundt i sentrum av Halsnøy gjekk me tilbake i båten og kosa oss med foccacia og vin (eg heldt meg til sider). Me hadde ein veldig roleg og flott kveld i båten med måneskin og og kjekke folk på nabobåten.

Etter å  ha vakna til bølkeskvulp og måkeskrik vende me baugen mot Uskedalen for å treffa på farmor, farfar, tante LM og onkel R + søskenbarn. Me møtte på farfar, onkel, tante og søskenbarna på vegen, sidan dei var ute og fiska. Etter å ha sirkla rundt eit par gongar gjekk eg ned for å finna badedrakta mi, og sjølv om det berre var ca 15 gradet midt ute på Hardangerfjorden, så tok eg årets første bad. Stolt! Etter ein liten dukkert gjekk me til land og fekk lagt båten til kai og gjekk til campingvogna til farmor og farfar for eit skikkelig godt måltid. Sidan den sjølvfiska fisken ikkje var heilt klar, gjekk eg, R og eine søskenbarnet mitt for å bade ein gong til. Sidan det var fjøre, og eg og R kom til å nå i botn det me skulle bade, gjekke me heller for å bade frå båten. Me sjekka termometeret på brygga og det viste 16 grader, så det var ikkje så mykje varmare her enn midt ute på fjorden.



Etter ein god grillmiddag og is til dessert kasta me loss og gjekk tilbake til Husnes. Sidan eg begynte på jobb klokka 15 dagen etter, bestemte eg meg for å køyre til Børve seint på søndagkveld slik at det var lettare å rekne på tida til ferja, i tillegg til at eg fekk litt meir tid med farmor og farfar som reiste heim frå Uskedalen samstundes som eg reiste frå Husnes.

-AnnlaugB




No er eg akkurat ferdig med sesong 1 av The Carrie Diaries. Såg første episode for å sjå om det var ein serie eg kunne like, og enda opp med å sjå heile. Eg diggar den rett og slett, og er veldig klar for å begynne på sesong 2 i oktober. No kan eg faktisk krysse av punktet for å sjå ein heil sesong av ein serie to gongar. Forrige veke vart eg faktisk ferdig med sesong 8 av Criminal Minds.

Dette er siste natta eg har på Stord, og i morgon reiser eg vidare til Hardanger. Der blir eg nok til fredag eller laurdag. Spørst om eg reise til Bergen på IKEA før eg reiser heim att til Sogndal. På vegen skal eg uansett ha ein stopp i Aurland for å treffa fine Frida!

-Annlaug :)




Mobilblogg: i dag har me hatt barnebursdag for finaste Emilie som blir 6 år 31. juli. Alle ungane frå gruppa hennar i barnehagen var her og det var mykje liv. No e ungane i seng, og eg tenkte eg skulle setja meg ned med The Carrie Diaries. Er vorten hekta på den serien, så eg kjem nok til å vera ferdig med sesong 1 lenge før ferien er over.

Elles har eg og tante så og sei bestemt Londonturen. Me har sett dato og eg har fått fri frå jobb. No treng tante berre avklare planar med onkel og spørje om farmor blir med, og så er me klare til å bestille. Håpar verkeleg det blir tur, for eg lengtar veldig tilbake til London!

-Annlaug :)




I dag har eg vore i bryllup til finaste Kristin og Vegar. Sjølv om det har regna, har det vore ein veldig flott dag der me har feira kjærleiken. Sidan Kristin er søskenbarnet til stefar min, så var eg og yngste bror min berre med i kyrja før me køyrde alle blomane frå kyrka til Marifjøra. Alle gjestene reiste med båt frå Kaupanger til Marifjøra, så både me og brudeparet, som hadde vore og teke bilete, kom ei god stund før resten av gjestene. Medan me venta byrja eg og broder'n med gaveopning, og fytti grisen så mykje fine presangar det var!

Onkel stilte som sjåfør for brudeparet med den flotte bilen sin! For ein fantastisk dag det har vore! Eg er heilt mållaus!

I morgon tidleg reiser eg til Stord for å besøke tanter, onklar og søskenbarn på pappa si side av familien. Der blir eg nok til onsdag før turen går til Hardanger og nokre dagar hjå pappa før eg må heim igjen for å jobbe.

-Annlaug :)




Mobilblogg: I dag har eg faktisk kunna kryssa av to nye punkt på bucketlista mi! Først baka eg cupcakes til bryllupet i måro, og så reise eg og Hallvard (veslebroren) ned i Fjøra for å reisa på konsert med Tone Damli. Møtte fleire venner, så eg kosa meg mykje. Kjenner eg er veldig spent på korleis morgondagen blir, og gledar meg til å få på bunaden igjen.

Slik vart cupcakesa sjåande ut til slutt.

-Annlaug :)




I morgon blir det den store bakedagen. Eg skal bake ca 50 cupcakes til eit bryllup på laurdag. Set veldig stor pris på å ha fått oppdraget, men gruar meg litt. Har aldri prøvd oppskrifta før, så eg kryssar fingrane for at det kjem til å gå fint. Elles veit eg ikkje heilt korleis eg skal pynte dei, og om eg skal lage ein swirl eller ei rose. Eg har i alle fall kjøpt inn rosa og kvitt perlestrøssel i tilleg til kvit fondant. Eg har også fått låne blomster og somarfuglutstikkarar av ei veninne av mamma, så me får sjå kva eg endar opp med. To av punkta på Bucket Lista mi er faktisk å bake bryllupscupcake og å reise i bryllup, så desse to punkta kan eg kryssa av i morgon og på laurdag.

-Annlaug :)




Noko som er typsk meg er å blogge om sommaren, og ikkje elles. Kvar sommar byrjar eg å blogge att, og klarar å halde ut ei stund, men no har eg bestemt meg for å prøve å halde ut endå lenger.

For å sparke igang sommaren litt, har eg laga ei "Summer Bucket List". Eg skulle eigentleg rydde litt på rommet mitt i går kveld, men enda opp med å gjere dette istaden. Eg hadde det faktisk kjempe kosleg der eg sat heilt åleine med fin musikk i bakgrunnen.

-Annlaug :)








canon eos 550d + canon ef-s 55-250 f/4.0-5.6 IS

-AnnlaugB




For å komma litt inn att i blogginga tenkte eg å sette igang med ei lita utfordring.

Day 01 - Dine 4 yndlingssanger akkurat nå
Day 02 - Favoritt film
Day 03 - Noe du savner
Day 04 - Et bilde fra i dag
Day 05 - Det du kjøpte deg sist
Day 06 - Lommeboken din
Day 07 - Mobilen din
Day 08 - Rommet ditt
Day 09 - Antrekket ditt i dag
Day 10 - Ti ting du ønsker deg
Day 11 - Et bilde av deg når du var liten
Day 12 - Et bilde av håndskriften din
Day 13 - Smykkene dine
Day 14 - Hva har du som bakgrunnsbilde på dataen din?
Day 15 - Et bilde av deg selv i dag


//kjelde

-Annlaug




Dette blir årets vinterjakke for min del. Var på cubus her i Sogndal, men dei hadde ikkje att storleiken min i marineblå. Dei kunne heller ikkje få tilsendt frå andre cubusar i fylket, så då ringte eg til cubus i Odda, og dei hadde heldigvis fleire igjen. Så då blir da parkas på meg neste veke når eg reiser til pappa!

 

-AnnlaugB




Mobilblogg: I dag hadde eg min første køyrerime, noko som gjekk supert. Innan slutten av neste veke skal eg ha tatt teorien. Trur det kjem til å gå veldig bra med køyringa framover, og at eg får køyrt mykje.

I går var nesten heile klassen på kino og såg Kon-Tiki. For ein bra film. Den var heilt rå. Alt dei har fått til, heilt utruleg.

No skal eg gjere litt historie før eg skal sitte barnevakt.

-AnnlaugB





//Privat - canon eos 550D + ef-s 17-85mm

-AnnlaugB




Mobilblogg: I går var eg på Bruce Springsteen konsert med pappa, ranveig, tante, onkel og farfar. Det var heilt rått! For ein energi både på scena og blant publikum! Først.stod me langt bak, og eg såg ikkje, så då gjekk eg og farfar framover og havna heilt framme med gjerdet rett bak golden circle. Fantastisk opplevelse! Me kom heim rundt 4 i natt, og regnet kom heldigvis ikkje før me reiste frå Åsane etter ein liten matpause.

I morgon skal me til Bergen igjen, og denne gongen på konsert med Paul Simon. Da skal me heldigvis sova på hotell, og raida litt i sentrum og på ikea.




Eg har no hatt ferie i over ein månad, men har endå ikkje slappa skikkelig av og nytt ferien. Eg har jobba kvar einaste dag, og hatt berre to fridagar. Sidan eg har jobba så mykje fann eg ut at eg kunne unne meg noko nytt, så da bestillte eg ei ny linse til kameraet. Sidan eg ikkje har ei zoomlinse, så valte eg å kjøpe det, så to dagar seinare dumpa "Canon ef-s 55-250 f/4.0-5.6 IS" Eg har ikkje fått brukt den så mykje endå, men litt har det vorte.

I går var siste gong på jobb for denne perioden, og no sit eg på båten på veg til Bergen, før eg reiser vidare til Stord seinare i dag. Eg har no to og ei halv veke ferie før det blir meir jobbing i to veker, og plutselig var ferien over og skulebenken ventar. I løpet av desse to vekene skal eg vere litt på Stord, segle frå Stord/Haugesund til Bergen for å gå på Bruce Springsteen konsert før me seglar vidare til Husnes og så skal resten av ferien tilbringast i Hardanger, og kanskje eg rekk å få med meg ein tur til Oslo.






Bileta er tekne med den nye zoomlinsa mi, og 35mm'en eg kjøpte i fjor sommar.

-AnnlaugB




I dag trakk me oppgåve og tema for tverrfagleg media eksamen. Eg trakk radio og må lage ein aktualitetsreportasje som skal "sendast" i lokalradioen. Stress... Over halvparten av intervjua må gjerast i morgon, i tillegg til at eg treng mykje kontentum. Får ikkje starta skikkelig på blokka og redigeringa før eg har noko meir å jobbe med, og levering er 14.30 i morgon.
Min beste venn dei neste dagane!

-AnnlaugB




Stikkord for dagen var Camden Marked, Platform 9,3/4 - King's Cross Station, Madam Tussauds, British Museum, middag med klassen, kos på rommet, pakking. Me skulle eigentleg vore på konset med Little Comets, men eg og Junie reiste tilbake til hotellet med eit par andre, sidan formen ikkje var på topp og me skulle reise tidleg dagen etter. Derfor kjøpte me heller med oss litt mat, frukt og snop og tok ein tidleg kveld med pakking og Merlin på skjermen.

Så var det fredag, og heile dagen gjekk til reise og opphold på flyplass. Me reiste tidleg frå hotellet for å sleppe rushtraffikken, så det vart eit par timar å slå i hjel på Gatwick. London hadde mykje å by på, og mykje me ikkje fekk med oss. Derfor er det allereie bestemt at eg reiser tilbake om ikkje så alt for lenge. Kanskje eg rekk det før 2012 er omme?!











-AnnlaugB




Dagen starta med ei lita reise til Kingston for å møte ein tidlegare medieelev. Me fekk sjå litt av universitetet ho går på, før me gjekk og åt god lunsj saman med ho. Under lunsjen fekk me snakka mykje med ho og ei anna frå Noreg om korleis det er å studere i London, og korleis dei gjekk fram når dei søkte. Etter at alle hadde ete seg gode og mette, måtte me reise vidare for å komme oss på London Film Academy. Der hadde ein "kjent" filmfotograf laga eit foredrag til oss, og byrja det heile med eit trylletriks.  Gamle mannen var veldig flink. Han har til og med jobba med Johnny Depp.

Ellers reiste eg, Junie og Julia innom Boots og ein matbutikk på veg tilbake til hotellet. Eg og Junie bestillte pizza som vart levert rett på hotellet. Me åt den kjempegode pizzaen medan me såg endå ein episode av Merlin, før me kraup under dyna.



I London var det kjempe mange Mini Cooperar, så eg va i himmelen!

-AnnlaugB




Dagen starta med ein tur på TATE Modern og utstillinga til Damien Hirst. Va ei stor utstilling og mesteparten va veldig sært. Etter berre fem min va e kvalm og ville ut. Kyr og sauer va delte i to, haiar var utstoppa, fluger åt eit hovud frå ei kyr, sommarfuglar va utstoppa og sett saman til bilete og ei eit rom var det faktisk sommarfuglar som flaug rundt. Vart litt glad og letta då me endeleg var kommen gjennom utsillinga og inn i gåvebutikken.

Etter at alle var ferdige på TATE, reiste me saman til Piccadilly Circus for å få i oss litt mat, og me havna på ein thai-resturang. Trur dei aller fleste var litt skeptiske, men hos meg fall maten i smak. Eg bestillte kokkosnøttvatn og wok med ein type nudlar som byrjar på v, kylling, egg og asparges. Kokkosnøttvatnet var eigentleg godt samstundes som det var litt rart. Smakte litt søtt og litt melk. Eg åt til og med med pinnar for fyrste gong, og ovveraska med å klare å ete heile måltidet med berre pinnar. Stolt.

Etterpå var me på eit lite fotogalleri. Mesteparten av bileta var slike som me kunne ha teke sjølve, så det var litt skuffandes. Me var der ikkje meir enn ein halvtimestid, så det var overkommeleg. Er ikkje så veldig mykje å seie om dag 4, bortsett frå at me reiste å handla endå litt meir, før eg og Junie kjøpte med oss mat og reiste tilbake til hotellet det me hadde "Girls Night In" med middag/kvelds, frukt og britisk tv, og Merlin før me sovna.







-AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 20 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits