Det har vore godt med ferie, men det skal bli godt å komme tilbake til rutinane. Mykje av tida har gått med til å tenkje på korleis jula har vore tidlegare. Det er mi første jul utan både oldemor og bestefar, så det har vore ganske tøft. Heldigvis har eg mange støttande menneske rundt meg, både familie og vener.

 

På torsdag startar tentamen i mediafag, så då skal me trekke oppgåve og lage eit produkt som skal leverast på fredag. Fredag ettermiddag og helga skal brukast til å foberede presentasjon om produktet som skal vere klart til mandag. Innimellom dette vert det bursdagsfeiring av Hallvard som vert 10år. Ein fin hektisk men fin start av resten av dette skuleåret.

 


// canon eos 550d + ef-s 17-85mm

 

-AnnlaugB




Dette året har vore både trist, spesielt og fint. Oppsummering kjem iløpet av dei neste dagane. Godt nytt år, fintfolk!

 

// canon eos 550d + ef-s 17-85mm

 

- Korleis har 2011 vore for deg?

 

-AnnlaugB




Dagen i dag har gått til vasking og rydding, venta på besten, besto, tante og onkel, kjøpt siste rest av mat, kjøpt julepresangen til mamma, sett "Christmas Vacation" og "Rockeulven" for ikkje å gløyma "grevinnen og hovmesteren", sett ut graut til nissen og andre forberedningar til mårodagen. I tillegg var eg og Hallvard oppe til våre litauiske naboar. Der fekk me kjempegod kakao, litauisk godteri og sjokoladekake (sidan Sigita, mora i huset, hadde bursdag i går) og gode mandariner.

 

Slik ser forresten juletreet vårt ut i år. Etter at besten og dei kom, har pakkehaugen vorte mykje større, og endå er det fleire på veg.

I år bestemte eg og Junie oss for å kjøpa julesokkpresang til kvarandre. Når ein då ikkje finn julesokken eller vanlege sokkar som er store nok, må ein ty til andre løysingar.

 

Mårodagen blir full av faste tradisjonar. Det einaste eg gruar meg til, er den tomme plassen rundt bordet, og telefonsamtalen som ikkje kjem til å finna stad! Det blir tungt utan Oldemor og Bestefar!! <3

 

-AnnlaugB




Denne helga tilbringe eg hos pappa, og det er nok årets siste. Ranveig er i Oslo og har siste innspurt på jobben, før ho flyttar til Odda. Så det er berre meg og pappa her. I dag tidleg kom farfar på besøk medan me åt frukost, før me reiste ned i sentrum for å kikka litt. Eg fekk kjøpt julestrømpepresangen til Junie, så no manglar eg berre Lasse.

 

Seinare reiste eg og pappa ut på Børve til farmor og farfar og dekk graut til middag. Det kom nokre slektningar på besøk, og når dei for, starta farmor på kveldsen medan me andre såg på Jul i Blåfjell og Jesus og Josefine. Så var det tid for familiekos med kjempegod kvelds framfor TV'en der det var julekonsert frå Slottet.

 

I morgong reiser eg heim for å gjere unna dei siste dagane på skulen og mykje bestevennkos. På mandag skal eg til Junie, og då kan eg garantere mykje bestevennkos på kjøkenet og framfor TV'en, før me tek kvelden. På tysdag vert det avslutning på jentegruppa med masse fine folk, før eg, Junie, Stina og Namitha skal kose oss med film og god mat.


Berre fordi eg saknar besteveninna mi! <3

I skrivande stund sit me og ser på Superman Returns, og kosar oss med popcorn. Kjenner det er lenge sidan eg og pappa har hatt far-datter-kveld, så dette er kosleg.

 

-AnnlaugB




 

Den e så fiiin!

 

-AnnlaugB




For to veke sidan reiste eg til Oslo med Stina og Junie på jentetur og julehandel.Fredagen var med inne i by'n, og laurdagen var me i Sandvika. Etter shopping på fredagen reiste eg ein snartur til Sandvika med Ranveig, og da kjøpte me julepresang til meg. Eg har hatt lyst på og trengt nye joggesko lenge, og endeleg fekk eg det. Me kjøpte Nike Run+ 2. Har eigentleg visst ei stund at eg kom til å få dei til jul av pappa og Ranveig, så når eg først var i Oslo, så vart dei kjøpt slik at eg fekk rett størrelse og fargen eg ville ha.

 

I tillegg var det salg på Nike bagar, så då fekk eg meg ein ny gymbag sidan den andre var heilt utsleten. I tillegg skulle Ranveig kjøpe ny Norheim ullundertrøye til meg, sidan ho krympa den eg fekk til jul i fjor, og sidan det var salg på desse ullkleda så fekk eg meg ein stilongs i same modell. Dette er dei beste ullkleda eg nokon sinne har brukt, så derfor har eg skrive dei opp på ønskelista for denne jula, òg.

 





Det var ikkje berre eg som fekk julepresang denne gongen. Eg fekk handla ein del av presangane eg skulle, så no er presangane til Junie, Namitha, Anders Martin, Stina og Julia klare. I tillegg kjøpte eg meg ein fin kopp og to produkt frå Lee Stafford slik at eg har eit lite lager.

 

Forrige veke var eg i Fjøra med Hallvard som skulle på dans, så då gjekk eg og kikka litt på senteret og fekk kjøpt presang til Johannes og Hallvard, og. No har eg ikkje mange igjen, så no kan jula berre komme! Så lenge det kjem ein del snø først!

 

-AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits