Sidan sist har eg jobba i ca tre veker, før eg forrige onsdag fekk ferie igjen. I mellomtida har eg også fått med meg ein helgetur til Husnes med pappa og R for litt segling. Det heile starta med at eg reiste til Husnes etter jobb ein fredagettermiddag, og turen tek ca 4 timar utan luftestopp. Den første natta var me på Husnes, så laurdagen starta med frukost på dekk før me sette segl mot Halsnøy. Me hadde knall vêr helile vegen. Store delar av turen låg eg framme i baugen og høyrde på musikk (det er det beste eg veit med livet på seglebåt). Vel framme på Halsnøy reiste me på besøk til tante E og onkel M + søskenbarna, der me fekk servert god grillmat. Der var me heilt til det var blitt for kaldt for shorts og singlett. Etter at me hadde gått ein liten tur rundt i sentrum av Halsnøy gjekk me tilbake i båten og kosa oss med foccacia og vin (eg heldt meg til sider). Me hadde ein veldig roleg og flott kveld i båten med måneskin og og kjekke folk på nabobåten.

Etter å  ha vakna til bølkeskvulp og måkeskrik vende me baugen mot Uskedalen for å treffa på farmor, farfar, tante LM og onkel R + søskenbarn. Me møtte på farfar, onkel, tante og søskenbarna på vegen, sidan dei var ute og fiska. Etter å ha sirkla rundt eit par gongar gjekk eg ned for å finna badedrakta mi, og sjølv om det berre var ca 15 gradet midt ute på Hardangerfjorden, så tok eg årets første bad. Stolt! Etter ein liten dukkert gjekk me til land og fekk lagt båten til kai og gjekk til campingvogna til farmor og farfar for eit skikkelig godt måltid. Sidan den sjølvfiska fisken ikkje var heilt klar, gjekk eg, R og eine søskenbarnet mitt for å bade ein gong til. Sidan det var fjøre, og eg og R kom til å nå i botn det me skulle bade, gjekke me heller for å bade frå båten. Me sjekka termometeret på brygga og det viste 16 grader, så det var ikkje så mykje varmare her enn midt ute på fjorden.



Etter ein god grillmiddag og is til dessert kasta me loss og gjekk tilbake til Husnes. Sidan eg begynte på jobb klokka 15 dagen etter, bestemte eg meg for å køyre til Børve seint på søndagkveld slik at det var lettare å rekne på tida til ferja, i tillegg til at eg fekk litt meir tid med farmor og farfar som reiste heim frå Uskedalen samstundes som eg reiste frå Husnes.

-AnnlaugB




Dette blir årets vinterjakke for min del. Var på cubus her i Sogndal, men dei hadde ikkje att storleiken min i marineblå. Dei kunne heller ikkje få tilsendt frå andre cubusar i fylket, så då ringte eg til cubus i Odda, og dei hadde heldigvis fleire igjen. Så då blir da parkas på meg neste veke når eg reiser til pappa!

 

-AnnlaugB




Mobilblogg: I dag hadde eg min første køyrerime, noko som gjekk supert. Innan slutten av neste veke skal eg ha tatt teorien. Trur det kjem til å gå veldig bra med køyringa framover, og at eg får køyrt mykje.

I går var nesten heile klassen på kino og såg Kon-Tiki. For ein bra film. Den var heilt rå. Alt dei har fått til, heilt utruleg.

No skal eg gjere litt historie før eg skal sitte barnevakt.

-AnnlaugB




I dag trakk me oppgåve og tema for tverrfagleg media eksamen. Eg trakk radio og må lage ein aktualitetsreportasje som skal "sendast" i lokalradioen. Stress... Over halvparten av intervjua må gjerast i morgon, i tillegg til at eg treng mykje kontentum. Får ikkje starta skikkelig på blokka og redigeringa før eg har noko meir å jobbe med, og levering er 14.30 i morgon.
Min beste venn dei neste dagane!

-AnnlaugB




Påskeferien starta med to jobbedaga og besøk av tante og onkel frå Bergen, før turen gjekk rett til pappa og Ranveig. Dagane har gått veldig fort, men er har likevel fått gjort litt. Me har sett mykje på TV, ete mykje god mat, gått litt tur og litt på ski, lærekøyrd fleire gongar rundt Dalavatnet og til Haukeliseter, overnatting på Børve hos farmor og farfar, og ikkje minst feirt bursdagen min. I tillegg har me besøk av eit par som e fra Romania, men e busette i Noreg, kjeme kjekt.

I dag tok me turen til Røldal, og tok med oss ei tante og ein onkel, + to søskenbarn ut på langrenn. Gjekk ikkje så veldig bra...Say no more! Usmurde ski og knall hard snø ekje akkurat den beste kombinasjonen. Pappa og R er på veg ut døra, for å reise ut med nokre venner, medan eg sit her med rumenarane som eigentleg er på veg i seng, så tenkte eg skulle sette på ein film.

Ellers har det vorte ovveraskane lite fotografering i påsken (skuffande), men fekk teke nokre bileter i dag, med mobilen vel å merke... Fekk vel tidenes påskeegg i dag. Sjokoladeegg i ein prinsessekopp, men stjal koppen til pappa, så no har eg ein kopp med Lynet McQueen på, i tillegg til "I heart mini"-koppen som pappa kom heim med på mandag.

Kan vel òg sei at eg og bestevenn har hatt ein del koslege (les: usaklige) samtala gjennom heile påsken. Savna dææ, besten!

-AnnlaugB




I dag er endeleg fine Julia 18år og vaksen jente! Marita hadde bakt brownie som ho hadde med seg på skulen, med lys på og greier, så eg, Junie, Julia og Marita kosa oss i dag.

Gratulera så mykje med dagen! Håpa den er, og fortset å vere like fantastisk som deg! Kjempeglad i deg, Julia!


// sommaren 2010

-AnnlaugB





test her test her test her test her test her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test hertest her test her test her test her




Nett no sit eg på stasjonen på Voss. Kom med bussen frå Odda litt over halv tre. Eg gjekk rett på kinaresturangen og kjøpte meg god lunsj. Når eg kjeme til Sogndal blir eg henta av ei veninna av mamma og så skal eg passe ungane hennar i kveld.


//canon eos 550D + ef-s 17-85mm

-AnnlaugB




I helga var klassen i Florø der me streama MGP Lokal finalen for NRK. Etter ein lang dag med rigging, streaming og nedpakking var det godt å legge seg fredag kveld. Laurdag møtte me opp påføremiddagen og fekk omvisning på settet. Då dei sette igang med generalprøve var me allerede i golden circle, klare for å heie. Det stod me gjennom heile generalprøven før me fekk ein time fri inni ein gymsal. Så var det duka for livesendinga, og det vart svært varmt i golden circle, så i pausen fann eg og junie ein kald gang me sette oss i.









-AnnlaugB




Etter ein tur på senteret i dag, sette eg meg ned med ein kopp kakao og skreiv blokk(manus) til radioreportasjen min. Resten av dagen gjekk til leik og moro med søskenbarna mine, før dagen vart avslutta med ferske cupcakes. No går det i Sporløst Forsvunnet i heimen.




Kva gjer du på i kveld?


-Annlaug B




No sitte eg godt plassert i setet på uss nr. to. Hadde selskap på bussen til Bergen, men to av dei gjekk av i Åsane og ho siste skulle på ein liten svipptur til London. Så då sit eg her åleine. Musikken har vore på øyrene nesten heile turen. Me bestillte internett på bussen til Bergen, men etter å ha kjøpt koden, fann me ut at det var noko gale med sendaren... Heldigvis er det gratis internett på denne bussen.

Er ikkje framme før halv sju-sju, så tida fram til då skal brukast på film og ein ferjetur på 50 min... Gleda meg som ein liten unge på julafta til å komme fram. I morgon eller laurdag må eg ein tur på sentera og sjå etter nye slalomsko. Ellers må tida fram til heimreise brukast på mykje familiekos, turar og litt jobbing med radioprosjektet og øvin til matteprøven me skal ha på tysdag.

 


//gammalt bilde (photobooth)

 

-AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits