Den siste tida har eg hatt mange tankar som har svirra rundt i hovudet. Ein av dei tankane er om eg skal fortsette å bu heime ei stund til, eller om eg skal finne noko som er berre mitt. Hovudgrunnen til at eg valde å fortsette med å bu heime i etter at eg slutta på VGS og skulle begynne på høgskulen var økonomi. Ved å bu heime kunne eg spare pengar, men om eg flytta ut måtte eg ta opp studielån. Dette gjekk veldig bra den første tida, men etter at eg vart betre kjent med jentene som no er blitt nokon av mine beste vener, så har eg hatt meir og meir lyst på noko for meg sjølv. Det å kunne vere vaksen og styre alt sjølv, men også det ha ein stad å ta med venene mine, utan at syskena mine skal vere med på alt. Og ikkje minst bestemme sjølv kva ein skal ha til middag (ja, mamma, av og til har eg lyst på Tikka Masala istadenfor kjøttdeig og spagetti).

Desse tankane har ført til at eg dei siste dagane og vekene har brukt litt tid på å kike rundt på verdsveven for å få inspirasjon. Det er mykje rart, sært, spesielt, søtt og fint ein finn når ein gjer slik, og nedanfor kan du sjå noko av det eg ynskjer meg når eg i framtida flyttar for meg sjølv. Når eg flyttar, og kvar eg endar opp er heilt uvisst, men det er noko eg gledar meg til!

 



-Annlaug :)




Lea Michele har verkeleg sett igang noko stort det siste året! Det faktum at ho om 20 dagar slepp si alle første plate "Louder" er berre heilt fantastisk. Ho har allereie sluppe fire singlar, og seinast i går publiserte ho endå ei ny sang på soundcloud. Lea er ein av to artistar eg verkeleg ser opp til, og eg gledar meg enormt til tida framover!

Nyt musikkvideoen til "Cannonball" som var den første singelen ho nokon gong har sluppe, og som ikkje har noko relasjonar til Glee!

-Annlaug :)






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits