Stikkord for dagen var Camden Marked, Platform 9,3/4 - King's Cross Station, Madam Tussauds, British Museum, middag med klassen, kos på rommet, pakking. Me skulle eigentleg vore på konset med Little Comets, men eg og Junie reiste tilbake til hotellet med eit par andre, sidan formen ikkje var på topp og me skulle reise tidleg dagen etter. Derfor kjøpte me heller med oss litt mat, frukt og snop og tok ein tidleg kveld med pakking og Merlin på skjermen.

Så var det fredag, og heile dagen gjekk til reise og opphold på flyplass. Me reiste tidleg frå hotellet for å sleppe rushtraffikken, så det vart eit par timar å slå i hjel på Gatwick. London hadde mykje å by på, og mykje me ikkje fekk med oss. Derfor er det allereie bestemt at eg reiser tilbake om ikkje så alt for lenge. Kanskje eg rekk det før 2012 er omme?!











-AnnlaugB




Dagen starta med ei lita reise til Kingston for å møte ein tidlegare medieelev. Me fekk sjå litt av universitetet ho går på, før me gjekk og åt god lunsj saman med ho. Under lunsjen fekk me snakka mykje med ho og ei anna frå Noreg om korleis det er å studere i London, og korleis dei gjekk fram når dei søkte. Etter at alle hadde ete seg gode og mette, måtte me reise vidare for å komme oss på London Film Academy. Der hadde ein "kjent" filmfotograf laga eit foredrag til oss, og byrja det heile med eit trylletriks.  Gamle mannen var veldig flink. Han har til og med jobba med Johnny Depp.

Ellers reiste eg, Junie og Julia innom Boots og ein matbutikk på veg tilbake til hotellet. Eg og Junie bestillte pizza som vart levert rett på hotellet. Me åt den kjempegode pizzaen medan me såg endå ein episode av Merlin, før me kraup under dyna.



I London var det kjempe mange Mini Cooperar, så eg va i himmelen!

-AnnlaugB




Dagen starta med ein tur på TATE Modern og utstillinga til Damien Hirst. Va ei stor utstilling og mesteparten va veldig sært. Etter berre fem min va e kvalm og ville ut. Kyr og sauer va delte i to, haiar var utstoppa, fluger åt eit hovud frå ei kyr, sommarfuglar va utstoppa og sett saman til bilete og ei eit rom var det faktisk sommarfuglar som flaug rundt. Vart litt glad og letta då me endeleg var kommen gjennom utsillinga og inn i gåvebutikken.

Etter at alle var ferdige på TATE, reiste me saman til Piccadilly Circus for å få i oss litt mat, og me havna på ein thai-resturang. Trur dei aller fleste var litt skeptiske, men hos meg fall maten i smak. Eg bestillte kokkosnøttvatn og wok med ein type nudlar som byrjar på v, kylling, egg og asparges. Kokkosnøttvatnet var eigentleg godt samstundes som det var litt rart. Smakte litt søtt og litt melk. Eg åt til og med med pinnar for fyrste gong, og ovveraska med å klare å ete heile måltidet med berre pinnar. Stolt.

Etterpå var me på eit lite fotogalleri. Mesteparten av bileta var slike som me kunne ha teke sjølve, så det var litt skuffandes. Me var der ikkje meir enn ein halvtimestid, så det var overkommeleg. Er ikkje så veldig mykje å seie om dag 4, bortsett frå at me reiste å handla endå litt meir, før eg og Junie kjøpte med oss mat og reiste tilbake til hotellet det me hadde "Girls Night In" med middag/kvelds, frukt og britisk tv, og Merlin før me sovna.







-AnnlaugB




Stikkord for dag tre i London var jordbær med og utan sjokolade, mat, London Marathon, leike turistar, fotooppgåve, lunsj i Hyde Park, shopping, London Bridge, Westminster, dobledecker og underground.








//JuliaBjelde







-AnnlaugB




Fredagen brukte me berre på å forflytte oss frå Sogndal til London, via Bergen. Me reiste frå Sogndal 11.30 og ankom Gatwick ca 18.45 (lokal tid). Me reiste på hotellet og la ifrå oss tinga våre, før me reiste ut og åt. Det første eg og Junie klarte å gjere, var å gå oss ville (ja, hotellet var ein labyrint utan like). Resten hadde allereie reist, men me kom oss fram til slutt.

Heile laurdagen hadde me fritid til shopping! Sidan det var noko gale med "Oyster" korta våre, kom me oss ikkje avgårde når me skulle. Til slutt kom me oss inn til by'n og gjekk og trakka på Oxford Street i fleire tima. Klokka 18.00 skulle me på musikal (Thriller Live, Michael Jackson). Me møtte opp i god til og fann då ut at reiseselskapet hadde bestillt bilettar til feil klokkeslett, så me skulle eigentleg ha vore der klokka 16.00. I og med at me hadde nokre timar fri fram til me skulle ete middag, så reiste dei fleste heim att. Eg, Junie, Marita, Julia, Synne og lærarane reiste derfor på ein kafè, og kjøpte oss dessert på Jo sin rekning ("Bestill dere noe godt, så kan vi dele. Jeg betaler")



Sidan det fortsatt var eit par timar igjen til middag, reiste me jentene ut på gata og hoppa på den første dobbeldeckeren som kom. Me tok den eit godt stykke, og berre såg på alt som var å sjå på. Etter ei stund, hoppa me av, og tok neste tilbake og kom oss på Piccadilly Circus igjen. Det var tid for middag og me måtte finne vegen til Grill on the Corner. Sjølv om me ikkje fann fram med ein gang, så var me vertfall ikkje forseine og blant dei siste. Etter middag gjekk turen tilbake til hotellet der me la oss nesten med ein gang.



-AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits