Sidan sist har eg jobba i ca tre veker, før eg forrige onsdag fekk ferie igjen. I mellomtida har eg også fått med meg ein helgetur til Husnes med pappa og R for litt segling. Det heile starta med at eg reiste til Husnes etter jobb ein fredagettermiddag, og turen tek ca 4 timar utan luftestopp. Den første natta var me på Husnes, så laurdagen starta med frukost på dekk før me sette segl mot Halsnøy. Me hadde knall vêr helile vegen. Store delar av turen låg eg framme i baugen og høyrde på musikk (det er det beste eg veit med livet på seglebåt). Vel framme på Halsnøy reiste me på besøk til tante E og onkel M + søskenbarna, der me fekk servert god grillmat. Der var me heilt til det var blitt for kaldt for shorts og singlett. Etter at me hadde gått ein liten tur rundt i sentrum av Halsnøy gjekk me tilbake i båten og kosa oss med foccacia og vin (eg heldt meg til sider). Me hadde ein veldig roleg og flott kveld i båten med måneskin og og kjekke folk på nabobåten.

Etter å  ha vakna til bølkeskvulp og måkeskrik vende me baugen mot Uskedalen for å treffa på farmor, farfar, tante LM og onkel R + søskenbarn. Me møtte på farfar, onkel, tante og søskenbarna på vegen, sidan dei var ute og fiska. Etter å ha sirkla rundt eit par gongar gjekk eg ned for å finna badedrakta mi, og sjølv om det berre var ca 15 gradet midt ute på Hardangerfjorden, så tok eg årets første bad. Stolt! Etter ein liten dukkert gjekk me til land og fekk lagt båten til kai og gjekk til campingvogna til farmor og farfar for eit skikkelig godt måltid. Sidan den sjølvfiska fisken ikkje var heilt klar, gjekk eg, R og eine søskenbarnet mitt for å bade ein gong til. Sidan det var fjøre, og eg og R kom til å nå i botn det me skulle bade, gjekke me heller for å bade frå båten. Me sjekka termometeret på brygga og det viste 16 grader, så det var ikkje så mykje varmare her enn midt ute på fjorden.



Etter ein god grillmiddag og is til dessert kasta me loss og gjekk tilbake til Husnes. Sidan eg begynte på jobb klokka 15 dagen etter, bestemte eg meg for å køyre til Børve seint på søndagkveld slik at det var lettare å rekne på tida til ferja, i tillegg til at eg fekk litt meir tid med farmor og farfar som reiste heim frå Uskedalen samstundes som eg reiste frå Husnes.

-AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits