Har du nokon gong grine deg sjølv i søvn? Noko av det verste eg veit er å gjere akkurat det. Når du legg deg for å sove, men berre ligg og vrir deg, du finn ikkje ein grei liggjestilling, det er for varm eller kald, eller håret ligg i vegen. Det er i desse stundene at tankane byrjar å vandre, og sjølv om eg har hatt ein veldig bra dag, så er det akkurat som om nokon tykkjer på ein knapp. Saknet kjem. Du tenkjer på alle dei fantastiske stundene, men så tar dei verste minna over. Telefonsamtalen frå far din den morgonen du skulle setje deg på bussen til Oslo for å besøke han fordi du plutseleg fekk nokre fridagar sidan du ikkje kom opp i eksamen. Kor vondt det gjorde då du blei fortalt at du ikkje kunne reise heim etter besøket for å gjennomføre dei siste skuledagane før ferien fordi du skulle i gravferd. Kor vondt det gjorde då far din fortalde at det var oldemora di som var reist frå oss. Kor lyst du hadde til å leggje på, og skrike det høgste du berre klarte samstundes som du hadde lyst å kaste noko hard i veggen. Kor vondt, men samstundes godt, det var då stefar din kom inn og berre heldt rundt deg, fordi det var det einaste han kunne gjere. Du tenkjer på korleis det var å ligge i senga heile dagen og føle at heile verda hadde stoppa opp. Og korleis det var då du dagen etter faktisk tok bussen til Oslo vart møtt av far din og stemora di i det du går ut av bussen. Korleis smertene trenger seg på i det dei går deg i møte og berre står der og held rundt deg.

 

Det verste er at det ikkje er minna etter korleis du hadde det i desse situasjonane som er verst. Det verste kjem èi veke seinare når du og heile familien, slekt og nære vener av familien sit samla i ei lita kyrkje. Når presten snakkar om livet til di kjære Oldemor, og då nemner den fyrste gongen ho vart Oldemor, altså den dagen du sjølv vart føydd. Men igjen så er ikkje dette det verste, heller. For det verste og vondaste er når kista er boren ut i bilen, og alle dei næraste har lagt kvar si raude rose på kista. Det er i det bilen køyrer avgarde at det går opp for deg at den personen du såg mest opp til faktisk ikkje er her meir. Den personen som alltid fekk deg til å smile. Den personen som aldri meinte noko vondt, men ynskja alle alt godt. Den personen som tok opp ein stor del av hjarta ditt, men som tok med seg den delen då ho forlet denne verda. Det er dette som er det verste!

I dag er det 1150 dagar sidan pappa ringde, og eg vart liggjande i senga heile dagen. 1150 dagar sidan det vart eit hol i hjarta mitt. 1150 dagar sidan eg fekk kjenne på korleis det er å få vite at du ikkje får sjå igjen ein person som du elska så høgt. Sjølv om eg ikkje ser Oldemor igjen i dette livet her, så veit eg at me treffast igjen ein vakker dag.


<3






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits