-AnnlaugB

























Dagen i dag har gått til vasking og rydding, venta på besten, besto, tante og onkel, kjøpt siste rest av mat, kjøpt julepresangen til mamma, sett "Christmas Vacation" og "Rockeulven" for ikkje å gløyma "grevinnen og hovmesteren", sett ut graut til nissen og andre forberedningar til mårodagen. I tillegg var eg og Hallvard oppe til våre litauiske naboar. Der fekk me kjempegod kakao, litauisk godteri og sjokoladekake (sidan Sigita, mora i huset, hadde bursdag i går) og gode mandariner.

 

Slik ser forresten juletreet vårt ut i år. Etter at besten og dei kom, har pakkehaugen vorte mykje større, og endå er det fleire på veg.

I år bestemte eg og Junie oss for å kjøpa julesokkpresang til kvarandre. Når ein då ikkje finn julesokken eller vanlege sokkar som er store nok, må ein ty til andre løysingar.

 

Mårodagen blir full av faste tradisjonar. Det einaste eg gruar meg til, er den tomme plassen rundt bordet, og telefonsamtalen som ikkje kjem til å finna stad! Det blir tungt utan Oldemor og Bestefar!! <3

 

-AnnlaugB




Denne helga tilbringe eg hos pappa, og det er nok årets siste. Ranveig er i Oslo og har siste innspurt på jobben, før ho flyttar til Odda. Så det er berre meg og pappa her. I dag tidleg kom farfar på besøk medan me åt frukost, før me reiste ned i sentrum for å kikka litt. Eg fekk kjøpt julestrømpepresangen til Junie, så no manglar eg berre Lasse.

 

Seinare reiste eg og pappa ut på Børve til farmor og farfar og dekk graut til middag. Det kom nokre slektningar på besøk, og når dei for, starta farmor på kveldsen medan me andre såg på Jul i Blåfjell og Jesus og Josefine. Så var det tid for familiekos med kjempegod kvelds framfor TV'en der det var julekonsert frå Slottet.

 

I morgong reiser eg heim for å gjere unna dei siste dagane på skulen og mykje bestevennkos. På mandag skal eg til Junie, og då kan eg garantere mykje bestevennkos på kjøkenet og framfor TV'en, før me tek kvelden. På tysdag vert det avslutning på jentegruppa med masse fine folk, før eg, Junie, Stina og Namitha skal kose oss med film og god mat.


Berre fordi eg saknar besteveninna mi! <3

I skrivande stund sit me og ser på Superman Returns, og kosar oss med popcorn. Kjenner det er lenge sidan eg og pappa har hatt far-datter-kveld, så dette er kosleg.

 

-AnnlaugB




Er det ein youtube-video du SKAL sjå, så er det denne!! Sterkt!!

 

 

Kva tenkjer du etter å ha sett videoen?

 

-AnnlaugB




 

Den e så fiiin!

 

-AnnlaugB




I oktober kom Casting Crowns med ei ny fantastisk plate, Come to the Well. Eg har vore forelska i den forrige dei kom med, Until The Whole World Hears, så denne kunne eg ikkje gå glipp av. Songane har gått på repeat sidan plata kom ut på spotify. Courageous e favoritten!

 

 

Har du ikkje høyrt den enda, bør du gjere det fortast mogleg. Du kjem til å verte forelska!

 

-AnnlaugB

 




Berre fordi eg lengtar tilbake til turen me hadde til Kiel i haustferien, med ein kjempefin gjeng! Savn! <3

 






// canon eos 550D + ef-s 17-85mm

 

-AnnlaugB






Eg deltek i ein konkkurranse på bloggen til Mathias, der ein kan vinne ei CEWE-FOTOBOK. HER finn du innlegget til konkurransen.

 

-AnnlaugB




<a href="http://www.bloglovin.com/blog/3193440/ambfoto?claim=96drtgu3dtr">Follow my blog with Bloglovin</a>




Ligge heime pga sjukdom. I går va eg berre èin time på skulen før mamma kom og henta meg. Sov lenge i dag, og har berre slappa av på sofaen. Satsa på at eg er frisk til i morgon, for dette gidd eg ikkje meir. Kjedelig til tusen!

 

Einaste positive i dag er den fine utsikten eg våkna til!

 



// canon eos 550d + ef-s 17-85mm

 

-AnnlaugB




Sleigh bells ring, are you listening, In the lane, snow is glistening, a beautiful sight, we're happy tonight Walking in a winter wonderland. Gone away is the bluebird, here to stay is a new bird he sings a love song, as we go along, walking in a winter wonderland.

 


//canon eos 550d + ef-s 17-85mm

 

-AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits