Denne helga har vore roleg/stressande/fin. Laurdag var eg og nokre andre i klassen på skulen for å vere med på MGP: Lokal. Me var ein del at teamet som var med på å arrangere heile opplegget. Eg var bak scena medan andre var på kjøkenet og i kiosken. Nivået på deltakarane var veldig høgt, dei alleraller flinkaste gjekk vidare til Florø. Me var på skulen fra 12.30 og reste derifra 18.00, etter å ha vaska opp alt ytstyr og rydda kantina, der det heile gjekk føre seg.


//kjelde

Når me endeleg kunne bevege oss heimover reiste eg opp til bestevenn som hadde laga god mat. Me kosa oss med båtpoteter, heimelaga karbonadar og salat, før me fann fram sjokoladen og druene og sette oss godt til rette i sofaen med Spellemannsprisen etterfylgt av High School Musical 1, før me kraup under dyna.

Søndag var ein skikkelig slaskedag. Etter at eg kom heim frå Junie, gjekk det i tvkos før eg og brørne mine gjekk ut for å skli med naboen (frå Litauen) som hadde besøk av ein anna familie frå Litauen med 3 ungar. Me var ute heile kvelden og hadde det kjempe kjekt.

Korleis har helga di vore?

-AnnlaugB




I dag har eg meldt på den digitale historieforteljinga mi og to bilete på UKM her i Sogndal. UKM i Sogndal er 12. februar, og er allereie skrive inn i agendaen. Det er første gong eg delter på UKM, så dette blir spanande.

Dette er det eine biletet eg har meldt på.
//canon eos 550D + ef-s 17-85mm

 

Ellers har eg tenkt mykje på prøveeksamen i dag. Me skal trekke oppgåve 08.00 i morgon og levere eit ferdig produkt 15.00 på fredag, og på mandag skal me ha ei lita framføring på 15 min framfor eksaminatoren og ein sensor (begge er lærarar på linja). Me kan komme opp i design, reklame, foto og web. Eigentleg håpar eg at eg kjem opp i web, men det er der det eg mest å gjere, for ein skal både sette opp sida i DreamWeaver, lage design, produsere tekst og ta bilete. Men uansett kva eg kjem opp i, så trur eg nok det kjem til å gå bra!

 

-AnnlaugB




<a href="http://www.bloglovin.com/blog/3193440/ambfoto?claim=96drtgu3dtr">Follow my blog with Bloglovin</a>




Lesarinnlegg av Sunni som trur ho er meg!

 

Akkurat no sitter jeg på skolen sammen med Sunni!  I hele dag skal vi ha media, noe som betyr chill dag!  

 

 

På tirsdag var det fotballturnering på skolen, der kom vi på 3 plass!  EG scora  alle måla!  Eg spiller på Sogndal Dame sitt fotballag til vanlig, og eg kjempegod. 




I første time va eg i studioet med Namitha og Anders Martin for å ta bilde til ei magasinframside me lagar. Og etter mat hadde me fotballturnering med alle dei andre VG2 klassane, der me kom på 3. plass i jenteklassen. 1., 2. og 4. plass gjekk til idrett, og sia svært få av oss på media spela/har spelt fotball, så var plasseringa superbra!

 

No har eg og Namitha ete middag og så ska me jobba med ei webside som ska leverast inn i måro. Etterpå blir da fotballtrening, nåke som eg gleda meg til!

 


// canon eos 7D + ef-s 18-135mm

 

-AnnlaugB




I dag skulle me ta bilete til ei webside me driv og designar. Eg, Junie og Namitha var i studioet ein skuletime, og kosa oss. Me vart fort ferdige med bileta me måtte ta, og sidan me hadde tid til overs tok me nokre venebileter! Så her er bilete av to av mine alleraller beste venner! I LOVE THEM! <3

 

//Namitha - canon eos 7D + ef-s 18-200mm

 


//Junie - canon eos 7D + ef-s 18-200mm

 

No sitte eg hos Namitha, og ska eta pizza, før eg stikke på fotballtrening med nokre fotballgale damer!

 

- AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits