Mobilblogg: I går var eg på Bruce Springsteen konsert med pappa, ranveig, tante, onkel og farfar. Det var heilt rått! For ein energi både på scena og blant publikum! Først.stod me langt bak, og eg såg ikkje, så då gjekk eg og farfar framover og havna heilt framme med gjerdet rett bak golden circle. Fantastisk opplevelse! Me kom heim rundt 4 i natt, og regnet kom heldigvis ikkje før me reiste frå Åsane etter ein liten matpause.

I morgon skal me til Bergen igjen, og denne gongen på konsert med Paul Simon. Da skal me heldigvis sova på hotell, og raida litt i sentrum og på ikea.




Eg har no hatt ferie i over ein månad, men har endå ikkje slappa skikkelig av og nytt ferien. Eg har jobba kvar einaste dag, og hatt berre to fridagar. Sidan eg har jobba så mykje fann eg ut at eg kunne unne meg noko nytt, så da bestillte eg ei ny linse til kameraet. Sidan eg ikkje har ei zoomlinse, så valte eg å kjøpe det, så to dagar seinare dumpa "Canon ef-s 55-250 f/4.0-5.6 IS" Eg har ikkje fått brukt den så mykje endå, men litt har det vorte.

I går var siste gong på jobb for denne perioden, og no sit eg på båten på veg til Bergen, før eg reiser vidare til Stord seinare i dag. Eg har no to og ei halv veke ferie før det blir meir jobbing i to veker, og plutselig var ferien over og skulebenken ventar. I løpet av desse to vekene skal eg vere litt på Stord, segle frå Stord/Haugesund til Bergen for å gå på Bruce Springsteen konsert før me seglar vidare til Husnes og så skal resten av ferien tilbringast i Hardanger, og kanskje eg rekk å få med meg ein tur til Oslo.






Bileta er tekne med den nye zoomlinsa mi, og 35mm'en eg kjøpte i fjor sommar.

-AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits