I dag skin sola og det er ganske grei temperatur ute. Bikkja var tidleg oppe i dag, så dagen starta med luftetur allereie klokka 7. No er eg snart på veg ut døra for å grille og slappe av i sola med eit par venner. Seinare må eg få skrive ferdig arbeidskravet me har i spes.ped.

Ha ein fin dag!



-Annlaug





I dag er delar av himmelen blå, og sola skin i skyene. Eg sit inne og skriv refleksjonsnotat frå likestillingsdagane me hadde på skulen denne veka. Seinare skal eg ut ein tur, før eg må pynte meg til nyttårsbord med klassen i kveld. Ynskjer alle ei god helg!


// gledar meg til slike solnedgangar på Stord i sommar!

- Annlaug B




Eg lengar tilbake til London! Eg lengtar tilbake til å gå rundt i gatene med kameraet rundt halsen. Eg lengtar tilbake til å vandre rundt i all slags butikkar. Eg lengtar tilbake til dei fine fotobøkene på Urban Outfitters. Eg lengtar tilbake til Camden Market & Oxford Street. Eg lengtar tilbake til å stå under Big Ben. Eg lengtar tilbake til London!

I løpet av 2015 SKAL eg til London! I løpet av 2015 skal eg opp i London Eye. Eg skal tilbake til Camden Market og Covent Garden. Eg skal på musikal. Eg skal innom Disney Store. Eg skal nyte alt London har å by på!

Bilda er frå klasseturen me hadde på Medium og Kommunikasjon i 2012.

- Annlaug :)




For akkurat ein månad sidan stod eg og mi kjære besteveninne, Trude, i Telenor Arena!



Det heile starta med at me køyrde frå Sogndal til Oslo tidleg søndag morgon. Me sjekka inn på hotellet rett ved Telenor Arena, slappa litt av og så tok me bussen inn til by'n der me møtte eit par venner. Me hadde ein kjempe kjekk kveld der me fekk bli kjent med kvarandre sine venner. Eg fekk møte Ida, og Trude fekk møte Namitha og Julia. God mat og drikke enda med at me måtte gå fra Friday's fordi dei skulle stenge. Me skildes og eg og Trude bussa tilbake til hotellet for å lade batteria.

Mandagen vakna me og var sjukt gira. På å tilbringe dagen ilag, på å shoppe, på god mat og drikke, og ikkje minst konserten. Me fekk ein liten, men god frukost. Eg som fortsatt ikkje var heilt frisk frå virus- og bakteriekrigen som hadde herja i kroppen tok til takke med ein kopp te og mykje agurk og vannmelon. Me bussa inn til by'n, klare for å ta Karl Johan med storm. Etter ein lang dag med ekstremt mykje morro, fekk me ræva vår tilbake til hotellet for full oppgiring til resten av kvelden.



Eg har ikkje ord for kor lukkeleg eg var under konserten. Eg følte virkelig at eg levde. For ein opplevelse! For ein konsert! For eit show! FOR EI DAME! Eg levde på ei rosa sky heile kvelden, og hadde store problem med å sove. Trude fekk til og med ein liten filmsnutt der eg er heilt i ørska og seier "I have GaGa on my mind!". Den har me verkeleg hatt mykje morro med i ettertid.

Tirsdag var det tid for heimreise, men først måtte me ha frukost på Subway og litt meir shopping. Eg klarte endeleg å bestemme meg for kva for eit Pennyboard eg ville ha, og reiste heim som lukkeleg eigar av eit nytt Pennyboard. Resten av dagen bestod av høg musikk, to sangstemmer som var heilt øydelagde, og ein lang biltur tilbake til Sogndal.

Eg kan verkeleg sette denne turen inn på lista over dei beste turane eg har opplevd, og mandagen var den BESTE DAGEN i mitt liv!

Tusen takk, kjære Trudelutt <3 ILU!

 




Har eg fortalt kor fantastike vener eg har fått etter at eg byrja på høgskulen? Det har eg nok....eller kanskje ikkje? men vertfall, eg har fått heilt fantastiske vener etter at eg byrja på høgskulen, men eg føler at eg har kjent dei i mange år. Eg har det heilt fantastisk når me er saman! Me eg like galne alle saman, men eg elskar dei fordiom.

For å få litt kvalitetstid saman før alle reiste heim på juleferie så inviterte eg dei heim til meg på pepperkakebaking. Me gjorde ikkje noko meir enn å bake pepperkake, høyre på julemusikk, prate og drikke julebrus før me pynta pepperkakene. Eg hadde det veldig kjekt, og trur nok dei hadde det også. No har me skilt lag og ser ikkje kvarandre før til neste år, noko som nesten er litt trist. Den gode og harde klemmen siste skuledag gjorde at eg nesten fekk ei tåre i augekroken. Eg saknar dei allereie veldig! (<3)


Lena, Trude & Silje <3 (+ minste brodern som absolutt måtte vere med) - fine kunstverka til Silje!

Stay tuned!

-Annlaug :)




Hola! No er eg endeleg ferdig med 4 veker barnehagepraksis i Florø. Eg har storkosa meg i barnehagen og med dei to supre jentene eg budde saman med. Bortsett frå at eg saknar barna i barnehagen og å bu saman med Hanna og Sølvi, så er det ikkje noko eg saknar med å vere i Florø!

Elles har eg endeleg fått juleferie, eller eg har litt arbeid som skal leverast på tysdag og torsdag så eg må jobbe ein del med. Denne veka hadde me praksisoppsummering tysdag og onsdag, så etter skule på onsdag reiste eg til Askøy på ein kort visitt til tante, onkel og Olander. Torsdag reiste eg vidare til Stord der eg var barnevakt både torsdag og i går. No er eg komen til Odda og skal nyte nokre dagar saman med pappa og R før eg eg reiser heim att til Sogndal på onsdag. Frå onsdag av skal eg jobbe kvar dag til og med veslejulafta. Blir nok nokre late kveldar etter jobb for å få med meg nokre julefilmar i år også.

Over og ut for denne gang!

-Annlaug :)




I dag har eg ikkje gjort så mykje meir enn å lese pensum og slappe av. Tidlegare i kveld reiste eg på kamp med Ingvild, Trude og Anette. Sogndal tapte dessverre mot Vålrenga. Etter kampen køyrde me til Haukåsen for å hente Silje og Eira som kom tilbake etter å ha vore heime i helga. Det var utruleg godt å sjå Silje igjen, for eg har verkeleg sakna ho.

I morgon er det tilbake på skulebenken, og denne veka skal me jobbe med pedagogikk. Elles blir det ein del jobbing både denne veka og neste, i og med at eg reiser til Florø om tre veker for å ha fire veker praksis.

Eg er veldig nøgd med valet av utdanning, og veldig glad for å ha kome i ein klasse med så mange fine folk. Ser veldig fram til tre år ilag med desse her!


-AnnlaugB




...fire, fem og seks indianarar. Sju og åtte og ni indianarar, ti indianarar små.... Slik har me gått rundt heile helga. Livet på barnehagelærarutdanninga <3

Eg har hatt ei veldig kjekk helg med fine klassevenner. Me starta BLU-galskapen kokka 9 på Røvhaugane der me hadde undervisning i båre naturfag og fysisk fostring. Me leika og hadde det kjememoro heile dagen. Eg vart overtala til å vere med på konsert med Lars Vaular seinare på kvelden, men før dette måtte eg ein tur heim og dusje før eg hadde eit par timar på jobb. Kvelden starta med vors hjå Eldrid med ein liten gjeng før me reiste ned på Meieriet og var klare for litt høg musikk. Konserten var bra, men sat igjen med ei kjensle av at den var veldig kort. Må poengtere at eg ikkje er Vaular-fan!

Medan resten av gjengen gjekk på puben, var eg og Eldrid att på Meieriet ei stund før me reiste heim att til ho og avslutta kvelden med pizza og nyaste episoden av Grey's Anatomy. Då pizzaen var oppeten og episoden var ferdig var klokka alt for mykje, og eg var alt for trøytt. Eldrid gjekk og la seg, medan eg gjekk den 10 meter lange vegen bort til hybelen til Lena og kraup godt inn i soveposen.

I dagtidleg vakna me i halv tolv tida, og me vart liggjande å prate og sjekke livet på kvar vår iPhone før Eldrid stod på døra eit par timar seinare. Me enda opp med å ete frukost på cafè med Trude (Koseklumpen) før me hadde oss ein liten runde på senteret. Me slo ihjel ein time på null og niks før me møtte skulle på kino for å sjå FLY med Tr(rrrrr)ude, Hanne Martine og Anette. Fy for ein film! Disneyfilmar skuffar aldri, og det gjorde heller ikkje denne. Filmen minna meg veldig om BILER, samstundes som dei var forskjellige. Èin ting er vertfall sikkert, og det er det at eg skal sjå den fleire gongar. (Eg er klar, Silje!)

-AnnlaugB



Det kjipe med å berynne på høgskule, er at dei fleste reiser vekk for å studere eller gjere andre ting. Spesielt kjipt er det når dine næraste venner reiser vekk. Julia har flytta til Tønsberg og Vilde har teke den lange reisa over dammen, rettare sagt England.

Dei siste vekene Vilde var heime i Noreg, gjorde me det me kunne for å vere mest mogleg saman og berre kose oss. Me hadde sleepover, me var på kamp på Fosshaugane, me var på kino og såg 1D, me var på Dr.Hagen og åt kjempegod middag og dessert, og hadde det veldig kjekt saman. Dagen før Vilde skulle sette seg på nattbussen til Oslo, åt me lunsj på Cafè Prego før me reise ned på kaien og hadde ein liten fotoseanse. Eg køyrde Vilde heim att og ho fekk bursdagspresang, og tida for å skiljast var komen. Det heile vart avslutta med ein god klem, som gjerne kunne vart i endå lenger, og "me snakkast i desember"

Dette er no 12 dagar sidan, og nedteljinga til deesmber og at Vilde kjem heim att er allerede igang.

Veldig glad i deg, kjære! Me snakkast snart igjen! :*

-Annlaug






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits