Innimellom har alle eit behov for å kople heilt av. Dagane fyk forbi med både skule, jobb og trening. Og så skal ein jo også presse inn til kvalitetstid med nære venner. Då er det ikkje alltid kroppen har nok energi til å komme gjennom vekene og starte måndagen med full energitank. Hovudet er fylt opp av stress og tankar. Ein føler at ein kanskje ikkje strekk heilt til, nettopp fordi ein må få tid til å tilfredsstille alle andre, og set sine eigne behov til sida. Ja, jobb tek opp litt av tida iløpet av ei veke, men den er nødvendig for at ting skal gå rundt økonomisk.

Alle treng tid for seg sjølv, og treng tid til å hente seg inn igjen. Ein god idé er då å setje seg ned med noko som kan samle tankar og roe nervar, men samstundes gi eit påfyll av meistringskjensle og som gjer at ein kan utfolde sine kreative evner. I kveld har eg derfor sete med måleskrinet og penslane mine. Eg har fylt nokre papir med vannmåling og måla. Resten av kvelden blir eg sitjande i sofaen framfor tv'en med ein god film.





Ha ein fin kveld!

- Annlaug :)




Når ein føler seg nedanfor, er det mange som set på musikk. Anten det er ei random speleliste med mykje forskjellig musikk, eller det er favorittsongen, favorittartisten eller favorittbandet. Sjølv set eg alltid på noko frå favorittartisten og førebiletet mitt, Jessica Cornish, eller Jessie J som ho kallar seg. Som lita jente hadde Jessica ein drøm, og den drømmen er i dag verkelegheita og livet hennar. Ho lever av å gjere det ho vil aller mest, å synge og underhalde. I mange år har ho skrive låtar for artistar som bl.a. Justin Timberlake, Alicia Keys, Christina Aguilera og Miley Cyrus. Sidan 2011 har ho gitt ut tre heilt fantastiske album. Songane hennar har ein tydeleg bodskap, og spekteret er så spreidd at ein kan sette på musikken hennar uansett kva humør ein er i.

Min "all-time favorite" er, og vil nok alltid vere, "Who you are". Den får fram så mange ulike kjensler. Den kan få meg til å grine når eg er i godt humør, og den kan få meg til å smile eller le på dagar det alt berre er feil og eg har mest lyst til å berre legge meg ned i senga og grine.

I mai var eg så heldig at eg fekk oppleve å stå framfor ei stor scene og sjå førebiletet mitt live i ein heil time. Då eg først fann ut at Jessica skulle komme til Noreg, var eg mållaus, eg stivna heilt til og tårene byrja å renne. Den kjensla som gjekk gjennom kroppen i det eg såg ho komme inn bak bandet sitt og kom opp på trappa og byrja å synge "Ain't been done" var berre heilt fantastisk! Eg gløymde alt og alle rundt meg i ein time, og i fleire dagar svevde eg på ei rosa sky. Eksamenslesinga vart rett og slett litt nedprioritert dei første dagane.

No håpar eg berre at ho kjem tilbake til landet og held konsert med full sett-liste, og ikkje berre eit utval av songane hennar med litt meir fart i. Om dette ikkje skjer, kjem eg til å, som eg har tenkt mange gonger før, setje meg på eit fly til England eller noko og reise på konsert, for eg SKAL sjå ho live fleire gongar.

Takk for meg..over og ut! :)






Har du nokon gong grine deg sjølv i søvn? Noko av det verste eg veit er å gjere akkurat det. Når du legg deg for å sove, men berre ligg og vrir deg, du finn ikkje ein grei liggjestilling, det er for varm eller kald, eller håret ligg i vegen. Det er i desse stundene at tankane byrjar å vandre, og sjølv om eg har hatt ein veldig bra dag, så er det akkurat som om nokon tykkjer på ein knapp. Saknet kjem. Du tenkjer på alle dei fantastiske stundene, men så tar dei verste minna over. Telefonsamtalen frå far din den morgonen du skulle setje deg på bussen til Oslo for å besøke han fordi du plutseleg fekk nokre fridagar sidan du ikkje kom opp i eksamen. Kor vondt det gjorde då du blei fortalt at du ikkje kunne reise heim etter besøket for å gjennomføre dei siste skuledagane før ferien fordi du skulle i gravferd. Kor vondt det gjorde då far din fortalde at det var oldemora di som var reist frå oss. Kor lyst du hadde til å leggje på, og skrike det høgste du berre klarte samstundes som du hadde lyst å kaste noko hard i veggen. Kor vondt, men samstundes godt, det var då stefar din kom inn og berre heldt rundt deg, fordi det var det einaste han kunne gjere. Du tenkjer på korleis det var å ligge i senga heile dagen og føle at heile verda hadde stoppa opp. Og korleis det var då du dagen etter faktisk tok bussen til Oslo vart møtt av far din og stemora di i det du går ut av bussen. Korleis smertene trenger seg på i det dei går deg i møte og berre står der og held rundt deg.

 

Det verste er at det ikkje er minna etter korleis du hadde det i desse situasjonane som er verst. Det verste kjem èi veke seinare når du og heile familien, slekt og nære vener av familien sit samla i ei lita kyrkje. Når presten snakkar om livet til di kjære Oldemor, og då nemner den fyrste gongen ho vart Oldemor, altså den dagen du sjølv vart føydd. Men igjen så er ikkje dette det verste, heller. For det verste og vondaste er når kista er boren ut i bilen, og alle dei næraste har lagt kvar si raude rose på kista. Det er i det bilen køyrer avgarde at det går opp for deg at den personen du såg mest opp til faktisk ikkje er her meir. Den personen som alltid fekk deg til å smile. Den personen som aldri meinte noko vondt, men ynskja alle alt godt. Den personen som tok opp ein stor del av hjarta ditt, men som tok med seg den delen då ho forlet denne verda. Det er dette som er det verste!

I dag er det 1150 dagar sidan pappa ringde, og eg vart liggjande i senga heile dagen. 1150 dagar sidan det vart eit hol i hjarta mitt. 1150 dagar sidan eg fekk kjenne på korleis det er å få vite at du ikkje får sjå igjen ein person som du elska så høgt. Sjølv om eg ikkje ser Oldemor igjen i dette livet her, så veit eg at me treffast igjen ein vakker dag.


<3




Den siste tida har eg hatt mange tankar som har svirra rundt i hovudet. Ein av dei tankane er om eg skal fortsette å bu heime ei stund til, eller om eg skal finne noko som er berre mitt. Hovudgrunnen til at eg valde å fortsette med å bu heime i etter at eg slutta på VGS og skulle begynne på høgskulen var økonomi. Ved å bu heime kunne eg spare pengar, men om eg flytta ut måtte eg ta opp studielån. Dette gjekk veldig bra den første tida, men etter at eg vart betre kjent med jentene som no er blitt nokon av mine beste vener, så har eg hatt meir og meir lyst på noko for meg sjølv. Det å kunne vere vaksen og styre alt sjølv, men også det ha ein stad å ta med venene mine, utan at syskena mine skal vere med på alt. Og ikkje minst bestemme sjølv kva ein skal ha til middag (ja, mamma, av og til har eg lyst på Tikka Masala istadenfor kjøttdeig og spagetti).

Desse tankane har ført til at eg dei siste dagane og vekene har brukt litt tid på å kike rundt på verdsveven for å få inspirasjon. Det er mykje rart, sært, spesielt, søtt og fint ein finn når ein gjer slik, og nedanfor kan du sjå noko av det eg ynskjer meg når eg i framtida flyttar for meg sjølv. Når eg flyttar, og kvar eg endar opp er heilt uvisst, men det er noko eg gledar meg til!

 



-Annlaug :)




I morgon vert myndig. Tanken på at eg er vaksen om nesten èin time er litt skummel. På ei anna side, gledar eg meg litt til den fridomen ein får når ein vert vaksen. Det kjem nok ikkje til å verte så store forskjellar, sidan eg fortsatt bur heime, og kjem til å gjere det til eg er ferdig med VGS. Eg trur vaksen livet kjem til å innta meg for fult den dagen eg flyttar for meg sjølv og må ta hand om alt, som rekningar, avgifter og innkjøp av alt nødvendig. Det byrjar å verte nokre år sidan eg byrja å kjøpe klede, sko og slikt for eigne peng, så det kjem vel ikkje til å kome så brått på. Einaste mamma og pappa har biddrege med på den fronten er viktige/nødvendige ting, som skulemacen, slalomutstyr og litt av fotballutstyret mitt.


//arkriv (bileteopplastaren er ute av drift)

På laurdag hadde eg eit av to familieselskap. Me var ikkje så mange, men mange nok. Eine søstra til mamma kom med familien på fredag, og var her heile helga. Dei einaste eg visste skulle komme var dei, ein onkel, bestemor, og ei av dei andre søstrene til mamma med familien. Medan me stod og lagde middagen, kom plutselig besto inn på tunet, og då hadde ho og besten tatt turen heilt frå Hardanger for å overraska meg. Me hadde ei fin feiring, og eg fekk mykje fint.

-AnnlaugB




Ho var ei av dei beste artistane. Ho var ei fantastisk dame med bein i nasa. Kvil i fred, Whitney Houston!



-AnnlaugB




Er det ein youtube-video du SKAL sjå, så er det denne!! Sterkt!!

 

 

Kva tenkjer du etter å ha sett videoen?

 

-AnnlaugB




Working hard to get my fill. Everybody wants a thrill. Payin' anything to roll the dice. Just one more time. Some will win. some will lose. Some were born to sing the blues. Oh, the movie never ends. It goes on and on and on and on

 

Don't stop believin'. Hold on to the feelin'. Streetlights people. 

 


// canon eos 55d + ef-s 17-85mm

 

- AnnlaugB






Annlaug Børve




Mitt namn er Annlaug, og eg er 21 år. Går på Høgskulen i Sogn og Fjordane der eg går på barnehagelærar.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · August 2015 · Mai 2015 · Januar 2015 · Oktober 2014 · August 2014 · Mars 2014 · Februar 2014 · Januar 2014 · Desember 2013 · Oktober 2013 · September 2013 · August 2013 · Juli 2013 · Juni 2013 · Januar 2013 · Oktober 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012 · Desember 2011 · November 2011



Kategorier


· I love · Innkjøp · Juletider 2011 · Juletider 2014 · Kvardag · London 2012 · Musikk · Oppskrift · Photography · Praha 2014 · School · Sommaren 2012 · Studentlivet · Summer Bucket List 2013 · Tankar · TruHåpKjærleik · Utfordringar



Søk i bloggen




Linker


· Julia Bjelde · Kelle Hampton - Enjoying the small things · Malin Lundsten · Malin Thorsen · Marita Elvagjeng · Rebekka Mæla · Silje Helén



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits